Om Lærerråd
Vår målsetting med bloggkollektivet Lærerråd er å skape eit rom å vende skuletankar i – for dei som er tettast på feltet. Vår erfaring er at skuledebatten altfor ofte vert dominert av politikarar, akademikarar, lærarorganisasjonane sine tillitsvalte og tilfeldige «synsarar»; og at dei som har skoa på – elevar, foreldre, skuleleiarar, lærarstudentar og, ikkje minst, lærarar – i langt mindre grad kjem fram i det offentlege ordskiftet.
Føremålet med Lærerråd er difor å bidra til den gode samtalen om skulen. I skjæringspunktet mellom politikk, akademia og praksis, håpar vi at vi kan bringe inn perspektiv i debatten som alltid har ei forankring på grasrota av profesjonsutøvinga, som tar læraryrket sine utfordringar på alvor, og som ikkje heng fast i abstrakt ideologisk tankegods, akademisk talmagi eller neste stortingsval. Difor har vi heller ikkje nokon ideologisk plattform eller programerklæring for denne bloggen.
Vi som skriv her, er alle tett knytt til den utøvande delen av profesjonen: nokre av oss er nyutdanna lærarar, nokre av oss studerer enda, nokre av oss er engasjerte i skulenære prosjekt; felles for oss alle er at vi er glødande interesserte i skule. Du kan lese meir om oss her.
Sjølvsagt ønskjer vi òg å få tilbakemelding frå dykk der ute. Vi veit at skule engasjerer, og vi veit at det er mange som i det daglege gjer seg tankar om sin eigen kvardag i meir eller mindre tett tilknyting til feltet – og som kanskje saknar ein arena for utløp for desse. Alle står fritt til å kommentere, så lenge dette vert gjort ved bruk av vanleg folkeskikk og -vet. Om du ønskjer å skrive eitvikarinnlegg, er det berre å sende oss ein mail.